Miljøterapeut i skulen

 

 

Miljøterapeut i barnehage og skule

Miljøterapeutstillinga er ei styrking av helsestasjon- og skulehelsetenesten sitt fokus på det psykososiale miljøet. Dette vil seie elevane/barna sin trivnad i barnehage og skule – både med seg sjølv, i klassa og i lag med andre barn og vaksne.

Miljøterapeuten har fokus på førebyggande og helsefremmande arbeid, klassemiljø, sårbare eller utsette elevar/barn, mobbing, utestenging og skuleovergangar.

Miljøterapeuten kan mellom anna bidrege med samtalar med elevar einskild eller i gruppe, observasjon, tilrettelegging, kartlegging og vegleiing til elevar, føresette og personell i barnehage og skule.

Ei føresetnad for at miljøterapeut skal kunne gjere ein innsats for eit betre psykososialt miljø i barnehage og skule er at ein har eit nært samarbeid med barna/elevane, føresette og personalet i barnehagen og på skulen.

Miljøterapeut har eit tett samarbeid med det øvrige tilsette i helsestasjon- og skulehelsetenesten

Miljøterapeuten er kommunen sin barnerepresentant; barn og unge sitt talerøyr i plansakar

 

Kontakt

  • Miljøterapeut Anne Johanne Øiene-post: anne-johanne.oien@vaga.kommune.no
  • Er å treffe kl. 08.00 – 15.30 måndag – fredag.
  • Telefonnummer: 612 93 724/477 69 878