Brukarregistrering

Første gong du brukar ePortalen må du registrere deg som ny brukar. Trykk på “ePortal Login ” og  vel «NY BRUKER»

I brukaroppsettet skal du fylle ut ein del opplysinger om deg sjølv. Det er viktig at du fyller ut e-post-feltet med ei gyldig e-post adresse, sidan vi brukar denne adressa til å sende deg ei arkiveringslenke og seinere for å varsle når legen din har lagt inn svar i ePortal. Mobiltelefonnummeret som du gjev opp må vere registrert hos helsesenteret på førehand. Det skal brukast til å sende deg ein pin-kode for å autentisere deg kvar gang du loggar deg på portalen.

Når du har fylt ut registreringsskjemaet og har trykt på “Opprett meg” vil du få ein e-post frå noreply@besoklegen.no. Meldinga blir sendt til den e-postadressa du ga opp då du registrerte deg som brukar.

Trykk på aktiverings-lenka i e-posten.  Det vil opne seg eit nytt vindu og du vil sjå at registreringa er fullført.
Du kan no logge deg inn på ePortalen med brukarnamnet (fullt personnummer på 11 siffer) og passordet ditt (det du laga då du registrerte deg som brukar).